I serien “anekdotisk bevisføring passar best i media” bringer vi i dag det endelege beviset for at Harald Eia og evolusjonspsykologen Simon Baron Cohen faktisk hadde rett i første episode av Hjernevask: Ein dag gamle babyar viser faktisk tydeleg kjønna oppførsel og interessefelt, her dokumentert ved bildebevis (!) av mitt eige barn.
På bildet under ser vi heilt tydeleg at Eirik (1 dag) interesserer seg sterk for den fysiske utforminga og brukargrensesnittet på pappa'n sin mobiltelefon (biletet til venstre). Mobiltelefonen ser ut til å stimulere Eirik sine medfødde maskuline evner i retning teknikk og fysikk, kanskje til og med industriell design.
Derimot viser Eirik ingen særleg interesse for det meir feminine kosedyret Audun apekatt (til høgre). Ansiktsuttrykket viser tydeleg at han synest kosedyr er ei typisk jenteleike, og dermed uinteressant, ja kanskje til og med litt trugande for den medfødde maskuliniteten hans.
I neste episode skal vi bruke naturvitenskapen til å bevise at “jentelus” ikkje berre er ein kulturell konstruksjon slik vitskapen tidlegare har meint, men faktisk ein eigen art, med arvemateriale og det heile – følg med!
Oppdatert: Dersom du eventuelt har større interesse av å sjå kva Jørgen Lorentzen faktisk sa til Harald Eia om kjønn, biologi og evolusjon, kan du titte på denne nyklipte versjonen, basert på det publiserte råmaterialet til nrk.
My Grateful Geek Book Finally Out
for ett år siden
2 kommentarer:
Det ligger helt tydelig noe i det! Utrolig søt gutt!
Takk for det! Jeg regner med at dere diskuterer Hjernevask, arv og miljø på medievitenskap også - blir interessant å se hva PFU sier om programmene:)
Legg inn en kommentar