Ås, denne oppsiktsvekkjande vesle universitetsbyen i Follo, ser no ut til å aspirere til filmbystatus i Noreg. Frå tidlegare er bygdebyen kjent for å ha husa filmekteparet Vibeke Løkkeberg og Terje Kristiansen. Kristiansen var faktisk kinosjef på Ås i ein halv mannsalder før han fekk sparken i 2001 etter imponerande underskot og overtok eit 16 meter høgt lerret på Aker brygge.
I ettertid er også IMAX-kinoen bokstaveleg tala gjort til Latter, medan filmindustrien har fått ein ny vår på Ås. I vinter kunne vi lese at alt var klart for blodbad på Ås, då Ingrid Bolsø Berdal og dei andre på settet i Fritt Vilt 2 fullførte slasher-scenene på nedlagde Åslund sykehjem på Ås. Den gamle demensavdelinga er no å sjå på store lerret over heile landet.
