Ås, denne oppsiktsvekkjande vesle universitetsbyen i Follo, ser no ut til å aspirere til filmbystatus i Noreg. Frå tidlegare er bygdebyen kjent for å ha husa filmekteparet Vibeke Løkkeberg og Terje Kristiansen. Kristiansen var faktisk kinosjef på Ås i ein halv mannsalder før han fekk sparken i 2001 etter imponerande underskot og overtok eit 16 meter høgt lerret på Aker brygge.
I ettertid er også IMAX-kinoen bokstaveleg tala gjort til Latter, medan filmindustrien har fått ein ny vår på Ås. I vinter kunne vi lese at alt var klart for blodbad på Ås, då Ingrid Bolsø Berdal og dei andre på settet i Fritt Vilt 2 fullførte slasher-scenene på nedlagde Åslund sykehjem på Ås. Den gamle demensavdelinga er no å sjå på store lerret over heile landet.

2 kommentarer:
Du kan vel ikke skrive om filmbyen Ås uten å nevne Kubbemorderen, klassikeren fra 90-tallet med en viss Gamle Kroerveikone i en av rollene...
Sant nok, men den var vel strengt nok litt for skummel for denne spalten. Og dessuten utseld frå distributøren. For alltid.
Legg inn en kommentar