Sverige har fått sin filmhovudstad i Trollhättan, eller Trollywood. Halvparten av svensk spelefilmproduksjon går no føre seg i denne gamle industribyen med stadig færre industriarbeidsplassar. Medan både Saab- og Volvofabrikken i byen syner raude tal, peikar grafen rett opp for filmindustrien i Trollhättan. Det er nok å nemne Fucking Åmål, Tilsammans, Dancer in the Dark eller Dogville.
Ås, denne oppsiktsvekkjande vesle universitetsbyen i Follo, ser no ut til å aspirere til filmbystatus i Noreg. Frå tidlegare er bygdebyen kjent for å ha husa filmekteparet Vibeke Løkkeberg og Terje Kristiansen. Kristiansen var faktisk kinosjef på Ås i ein halv mannsalder før han fekk sparken i 2001 etter imponerande underskot og overtok eit 16 meter høgt lerret på Aker brygge.
I ettertid er også IMAX-kinoen bokstaveleg tala gjort til Latter, medan filmindustrien har fått ein ny vår på Ås. I vinter kunne vi lese at alt var klart for blodbad på Ås, då Ingrid Bolsø Berdal og dei andre på settet i Fritt Vilt 2 fullførte slasher-scenene på nedlagde Åslund sykehjem på Ås. Den gamle demensavdelinga er no å sjå på store lerret over heile landet.
Og Ås har fleire kulisser å by på. Seinast denne veka kunne vi sjå ein av Espen Eckbo sine nye karakterer i Tett på tre døyve livssmerten sin på Petten's Storkiosk på Ås. Kan eg foreslå bonderomantisk komedie på Landbruksmuseet eller adrenalinpumpande Rodrama på Årungen neste gong?
My Grateful Geek Book Finally Out
for ett år siden
2 kommentarer:
Du kan vel ikke skrive om filmbyen Ås uten å nevne Kubbemorderen, klassikeren fra 90-tallet med en viss Gamle Kroerveikone i en av rollene...
Sant nok, men den var vel strengt nok litt for skummel for denne spalten. Og dessuten utseld frå distributøren. For alltid.
Legg inn en kommentar