Finanskrisa angår alle, men er så kompleks at det i utgongspunktet verkar usannsynleg at folk (som meg) utan interesser, evner eller utdanning innan økonomi og finans kan forstå bæret. Eit enkelt Dagsrevyinnslag gir ingen vesentlig innsikt utover sympati med huseigarar og småspararar. Litt betre er kanskje ein lengre artikkel i Aftenposten, men framleis er utsnittet for lite, og totalbildet for stort for meg.
Det første vesle glimtet av forståing fekk eg i Aftenposten rett før jul. Innsikt-sidene i papirutgåva var vigd til ei dobbelside om finanskrisa - grafisk framstilt. Den glimrande grafikken var opprinneleg laga av grafikarane i Aftenpostens partneravis i Schibsted-familien, svenske Dagens Nyheter. Denne grafiske illustrasjonen, som syner finanskrisa som ein himmelstigande spiral som til slutt kollapsar, fekk seinare ein internasjonal pris for beste avisdesign i 2008.
Framleis var "Sub-prime Mortgages" og "CDOs" og slikt ganske uklart for meg, men eg ante ein samanheng mellom bustadmarknaden i USA og rentenivå i Noreg.
Så såg eg videoen "The Credit Crisis Visualized". Filmskaparen Jonathan Jarvis er mediedesigner og utforskar korleis komplekse problemstillingar lettare kan forklarast i multimediale tekstar enn i t.d. ein skriftlig artikkel - han har fleire gode videoar! Interessant for alle som arbeider med medier eller undervisning.
Og denne videoen? Prøv å lære like mykje om finanskrisa ved å bruke knapt 12 min på ein fagartikkel:
The Crisis of Credit Visualized from Jonathan Jarvis on Vimeo.
My Grateful Geek Book Finally Out
for ett år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar