Radio Norge - variert musikk fra de siste fire tiår. Slik lyder kjenningen til den lett restaurerte versjonen av havarerte Kanal 24.
Og på tampen av 2008 vart dei 1000 beste låtane kåra. I Radio Norge, av "det norske folk", som kanalen seier. Og kva finn vi her? På toppen av lista tronar Queen med sin "Bohemian Rapsody". Denne småbarokke vorspielperla er ein hederleg kandidat til Topp1000, men verdas beste låt? Og kven finn vi på dei nitten neste plassane? Metallica (2 låtar), Pink Floyd (4 låtar!), Bruce Springsteen (2 låtar), Dire Straits (2 låtar), Guns and Roses, U2, Led Zeppelin, Deep purple, Michael Jackson, Prince, og, rørande nok, DumDum Boys sin "Splitter pine" på fjerdeplass.
Dette er altså musikken "det norske folk" helst vil høyre. Lista må vere vond lesnad både for Bjørn Eidsvåg-fansen i den tidlegare kanalleiinga i Kanal 24 og musikkredaksjonen i NRK P1. Her er det også lite Vamp og Herborg Kråkevik. Utan at det treng vere krise.
Men variert musikk? Frå dei siste fire tiår? Fasiten er vel heller svært lite variert musikk, mest for gutta, og frå 1970- og 1980-talet.